Finn din utdanning
Idrett og friluftsliv - Bachelor
Idrett og friluftsliv - BachelorIdrett og friluftsliv - Bachelor
Studiet kvalifiserer deg for arbeid i frivillig, organisert og uorganisert idrett / kroppsøving / friluftsliv. Aktuelle arbeidsstader vil vere offentlege og private tiltak innanfor fritidssektoren, vaksenopplæring, reiseliv/turisme, kultur- og miljøforvaltning og Forsvaret. Studiet vil også gi eit godt grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid, arbeid med barn og unge med sosiale vanskar, og rehabilitering. For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket må ein byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Utdanningens målStudiet skal gi studentane ei personlege utvikling både teoretisk og praktisk. Du skal tileigne deg kunnskap, haldningar og dugleik i idrett og friluftsliv. Innhaldet er sikta mot utøving av rettleiing og fagleg verksemd både i skuleverket, frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena. Det vert lagt vekt på å utvikle solid fagleg kompetanse i idrett og friluftsliv. Det vert også lagt vekt på å utvikle ein profesjonsorientert, didaktisk og sosial kompetanse for å kunne utøve faget praktisk og teoretisk. Idrettsemna er samansette av eit stort utval praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisnings-/instruksjonspraksis. I friluftslivsemna vil teori og praksis følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Opptakskrav/SøknadGenerell studiekompetanse. Studiepoeng (ECTS)180 Utdanningens strukturUtdanninga har fire grunnemne à 15 studiepoeng innanfor fagområda idrett og kroppsøving, to grunnemne à 30 studiepoeng innanfor friluftsliv, og seks fordjupingsemne à 15 studiepoeng innanfor idrett og friluftsliv. Grunnemne i idrett: · Motorisk læring, 15 stp. · Pedagogikk, idrett og samfunn, 15 stp. · Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk, 15 stp. · Treningslære, 15 stp. Grunnemne friluftsliv: · Frå tare til tind, 30 stp. · Snø, ski, bre og høgfjell, 30 stp. Fordjupingsemne: · Prestasjonsutvikling, 15 stp. · Ski, 15 stp. · Friluftsliv I, 15 stp. · Friluftsliv II, 15 stp. · Helse, 15 stp. · Bachelorgradsoppgåve, 15 stp. Studentane må rekne med noko utgifter til reiser, kurs, litteratur, personleg utstyr, klede, fottøy, sovepose, liggjeunderlag, ski m.m. Studiefakta, Tittel m.mBachelor og lavere Høgskulen i Volda
Til Volda - og vidareKorleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare? I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda! Kvifor velje VoldaEit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. Ut i verda?Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
|
|||||||||||||||||||||


Er du eit friluftsmenneske og likar spennande utfordringar? Bachelorgrad i idrett og friluftsliv gir deg lærerike utfordringar og spennande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du vil ha tilgang til gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. Med høgt aktivitetsnivå og sunnmørsnaturen som klasserom vert studiekvardagen uvanleg inspirerande. 
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!





